Vetti Gard Turiststasjon

Vetti Gard Turiststasjon har vore ein viktig stad for fjellfolk sidan fjellpionerane fann vegen innover Utladalen alt på 1800-talet. Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti - og har ein først funne vegen dit èin gong, er sjansen stor for at ein vender attende. Garden har husa andre kjende folk også - som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.

I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard som ligg i hjarta av Jotunheimen, midt i Utladalen Landskapsvernområde. Garden har 13 rom og totalt 20 senger. Ekstrasenger/madrasser kan plasserast på låven. Garden har matservering i sommarsesongen. For å koma til Vetti Gard må du ta beina fatt. Turen frå parkeringsplassen på Hjelle til Vetti Gard følgjer Folkevegen innover langs elva Utla, og tek ca 1 time. For familiar kan me tilby baggasjetransport med kløvhest. 

OPNINGSTIDER SESONGEN 2018:

Vetti Gard TUriststasjon opnar TORSDAG 21. juni og stenger søndag 9. september. Frå og med 10. september er det ope for overnatting berre i helgene fram til og med 23. september.

Velkomen!

 

Overnatting

Overnatting

historie

historie

turforslag

turforslag

Galleri