Avdalen gard

Gå Folkevegen frå Vetti gard mot Øvre Årdal. Rett før Avdalsbrui tek du til høgre på fin sti opp mot Avdalen. I somarsesongen er Avdalen gard betjent, og det er mogleg å både overnatta og kjøpa seg noko å eta. For meir informasjon og booking, sjå her

Ein kan også gå motsett veg - frå Øvre Årdal til Avdalen. Då følgjer ein Folkevegen frå Hjelle og kryssar over Avdalsbrui. Etter Avdalsbrui er det skilta til Avdalen, og ein følgjer stien til venstre oppover fjellsida mot Avdalen gard.