Historie

Vetti er ein gard med lang historie. Namnet Vetti tyder visst noko slikt som "eventyreng" - og koplinga til eit eventyrlandskap er forståeleg når ein ser på kontrastane mellom slåttemarka, fosseduren og nærleiken til den ville naturen. 

Frå gamalt av var heile Utladalen eit stykke utmark som høyrde til garden Vetti. Gamle kjelder seier at det var åkerbruk og korndyrking her i 1120. Som mange utkantgardar låg Vetti øyde etter Svartedauden. I 1601 var Vetti nemnd som øydegard. Frå 1603 er ein som heitte Eirik nemnd som brukar. Den noverande Vetti-slekta skal ha kome til garden i 1714. 

Jørgen Anfinnson, fødd 1747, var truleg den første sjølveigaren i Vetti. Sidan har slekta vore bufast på garden fram til ut på 1980-talet. Fram til 1800-talet var det berre eitt bruk i Vetti. Seinare kom Lauvhaugen og Flaten til, først som husmannsplassar, seinare som eigne bruk. Vetti har hatt stølar mellom anna i Vettismorki og i Fleskedalen. Den siste vart tidlegare kalla Fleskenosdalen. Stølen i Fleskenosdalen var i bruk fram til 1953. I Vettismorki var det stølsdrift til 1968. På stølsvollen var det eit inngjerda område til slåttemark som vart hausta til slutten av 1950-åra. 

Meir om Utladalen og Vetti gard si historie finn du i boka Utladalen og fjella omkring, skriven av Hans H. Thyri.