Overnatting

I somarsesongen kan du overnatta på Vetti gard. Her finst både enkeltrom, twinrom, firesengsrom og sovesal på låven. Totalt har me 30 senger på garden - fordelte på hovudhuset, Malastova og stabburet. På låven er det plass til 40 personar på madrasser - fordelt på to sovesalar. I tillegg leiger me ut ein lavvo med plass til 10 personar, og du kan leiga plass til teltet ditt på området. Vetti Gard ligg i Utladalen landskapsvernområde, så motorisert ferdsel er uønskt. For å koma til Vetti Gard må du difor ta beina fatt på den ca 4,5 km lange folkevegen - som snirklar seg innover dalen langs elva Utla. For barnefamiliar kan me tilby baggasjetransport med kløvhest dersom de bestiller på førehand. Det er ei oppleving i seg sjølv å vandra saman med hesten innover det vakre dalføret. 

Vetti gard opnar 19. juni 2017 og held ope til 10. september 2017.

Andre fasilitetar:

Dusj og toalett

Spisesal

Ring tlf 57 66 30 24 for å booka overnatting, eller send epost til post@vettisriket.no

PRISAR 2017